tirsdag
4.5 °C
  75 %

Prosjektet 9+9, kva er det?

Prosjektet 9+9, kva er det?

Prosjektet består av to hovudmål;

  1. Utvide antal utslag til kvart hol, slik at når ein spelar andre runden av ein 18 hols runde, så skal ein slå ut frå nye utslagstader. Banen skal opplevast som ein 18 holsbane, sjølv om ein fortsatt bare har 9 hol.
  2. Oppgradere kvaliteten på banen og effektivisere drifta. Vi skal ta opp alle 9 greenane, og legge dei på nytt etter lik standard. Dei gamle utslaga skal oppgraderast med drenering og automatisk vanning, i tillegg til av vi lager nye for runde to. Vidare skal banen drenerast der vi har problem med blaut bane. Banen skal og hevast der den er for låg. Vi har alt automatisert vanninga av greenane, og det skal leggjast opp til robotklipparar i «røffen» over heile banen og kortholsbanen. Ein del sikringstiltak skal og gjerast.

Framdift;

Totalt vil arbeide strekke seg over 3 år, der arbeidet vert utført vinter og vår kvart år. Dette vil medføre midlertidige greenar på nokre hol kvart år.

  1. Våren 2023 vil oppgraderinga skje ved hol 4 og 5. Heving av banen ca 1 meter nede ved vatnet. Nye greenar, nye utslag, installere robotklipparar og ny drenering.
  2. Våren 2024 vil oppgraderinga skje med hol 7, 8 og 9. Dei same tiltaka som i 2023.
  3. Våren 2025 vil oppgraderinga vere på hol 1,2,3 og 6, med dei same tiltaka.

Økonomi;

Prosjektet gir rett til spelemiddel og kommunal støtte.

Samt en heil del dugnadsarbeid.