Me starter opp treninger for alle i Ogna golfklubb som ønsker det.
Første og tredje torsdag i månaden vert det trening for alle under 18 i hcp. Målet for desse treningane er å ha eit allsidig treningstilbud med fokus på å forbetre golfspelet både med tanke på teknikk, stabilitet og banespel kor målet er å heve nivået og skape betre score.
Andre torsdag i månaden vert det trening for alle over 18 hcp. Målet for desse treningane vert å forbedre grunnleggande teknikk og skape eit meir stabilt golfspel.
Det vert lagt ut ein plan for kvar månad som vert lagt ut på nettside, facebook og hengt opp i klubbhuset. Treningane vert klokka 19-20.
For spørsmål ta kontakt med trenarar Vegard Ovastrøm 477 07 615 eller Pål Augedal 991 25 663.