tirsdag
4.8 °C
  75 %

Golfturneringa i simulatoren på Vigrestad IK

Golfturneringa i simulatoren på Vigrestad. 

Haustturneringa er no avslutta. Mykje godt spel og trivelege samlingar.

På ettermiddagsturneringa vart resultatet;

  1. Kåre Vold
  2. Oddgeir Mellemstrand 
  3. Tore Stensland

Dagsturneringa;

  1. Torodd Varhaug 
  2. Ingvar Sør-Reime
  3. Oddgeir Mellemstrand 

I god sosialdemokratisk ånd gav Oddgeir frå seg premien i dagsturneringa til nr.4, Rasmus Åsland. 

Vi starter opp med ny turnering alt første veka etter nyttår og speler 10 veker framover. Som før vert det ei turnering på føremiddag og ei på kveldstid. Ein kan delta på begge turneringane. 

Pris og. turnering er 300 kr.

Påmelding til Ingvar innan 27.12 på mail isreime@gmail.com eller 48362256.