Saturday
3.0 °C
  75 %

Golfturnering i simulatoren

Golfturnering i simulatoren

Påmelding og oppstart av turneringar i simulatoren. 

Frå veke 44, måndag 1. november, starter vi opp med dei årlege turneringane i simulatoren på Vigrestad. Vi rekk å spele 7 veker før jul, der dei 4 beste rundane er teljande. Som vanleg vert det ein ny bane kvar veke.

Turneringene i år vert på 18 hol,  men i år spelar vi på poeng, stabelford. 

Det vert 3 turneringar;

– ei på dagtid der det vert sett opp faste fligter.

– ei på ettermiddagen for dei med under 18 i hc

– ei på ettermiddagen for dei med 18 over i hc.

Dei som deltek på dagtid kan og delta på ei av turneringane på ettermiddagen. 

Påmelding til Ingvar på 48362256 innan 25.10.